page view image

Unni Boksasp: Draumkvedet i Stangvika

Arrangementsinformasjon
event image

Eg har vore meg opp i sky
og nedatt på svarte dike
eg har sett til heite helvete,
og ein glimt av himmelrike,

fortel Olav Aasteson, hovudpersonen i Draumkvedet. Han fell i djup søvn på julekvelden, og vaknar ikkje opp att før etter 13 døgn. Da har han drøymt at han har reist over Gjallarbrua til dødsriket. Han ser inn i Paradis, han ser dei grufulle straffane som ventar syndarar i Helvete og blir slutt blir han vitne til dommedag i Brokksvalin. 13. dag jul vaknar Olav opp frå draumen, salar på hesten sin og rir til kyrkja. Så set han seg i kyrkjedøra og syng ut heile den underlege draumen sin for kyrkjelyden.


Draumkvedet er eit visjonsdikt, truleg frå slutten av mellomalderen. Den første nedteikninga vi har av Draumkvedet er frå 1842, og sidan er omlag 100 nedskrifter innsamla – alle frå øvre Telemark. Dei mest nytta versjonane er rekonstruksjonane gjort av Jørgen Moe, M.B. Landstad og Moltke Moe, som har sett saman tekstbolkar etter ulike kjelder til ein «fullverdig versjon». Variasjon og improvisasjon er ein del av folkesongen sin natur, og var ei utfordring for innsamlarane på 1800-talet. «Anne er upaalidelig og ikke sanddru, hun kan vel hav lavet noget hist og her på egen Haand.» skreiv Sophus Bugge i 1857 om Anne Skålen si framføring av Draumkvedet. Og det gjorde ho sjølvsagt, som så mange før og etter henne! Folkesongarane har, tradisjonen tru, forma Draumkvedet på sine personlege måtar opp gjennom historia.


Mange komponistar, som Ludvig M. Lindemann, David Monrad Johansen, Sparre Olsen, Eivind Groven og Arne Nordheim, har latt seg inspirere til å komponere nye versjonar av visjonsdiktet. Folkesongar Unni Boksasp syntes no det var på tide at ein folkemusikar laga ny musikk til dei gamle tekstane, og inspirert av tradisjonsmusikken og tidlegare formidlarar av Draumkvedet, har ho no laga ny musikk og nye arrangement til den tidlause historia. Tekstene ho brukar er alle henta frå dei 100 ulike nedskriftene av Draumkvedet, kanskje særleg den frodige versjonen Anne Skålen framførte ved gruva si for Sophus Bugge i 1857, og historia om Olav Aasteson si draumeferd er den same.


Idé, tekstutval, komponist og utøvar: Unni Boksasp
Regi og tekstutval: Marianne Meløy
Lysdesign: Sture Moslåtten


Foto: Cathrine Dokken Belsheim 

draumkvedet
unniboksasp
stangvik
bondehuset
festspill
festspillksu
festspilleneikristiansund

Restriksjoner

Ledsager med ledsagerbevis? Ta kontakt med kine@festspillksu.no

Ansvarsfraskrivelse

Tap av billetten: Billetten er å anse som et verdipapir og tapte eller ubenyttede billetter blir ikke refunderte.
Angrerett: Det er ikke angrerett på kjøp av billetter.
Endring av tidspunkt: Arrangøren har rett til å endre tid og dato for arrangementet. Ved endret tid og/eller dato vil billetten være gyldig for nytt tidspunkt.
Endring av plassering: Arrangøren har rett til å endre plasseringen av arrangementet. Slik endring skal ikke være lengre enn 30 minutter med kollektiv transport fra opprinnelig plassering.
Avlysning: Arrangøren forbeholder seg retten til å avlyse arrangementet. Ved avlyst arrangement blir billetten refundert. Billettavgift blir ikke refundert. Ved avlyst arrangement kan ikke kjøper fremme andre krav enn refusjon etter denne bestemmelsen.
Med forbehold om trykkfeil og endringer i programmet.

Festspillene i Kristiansunds generalsponsor.